5
kommunar
77
medlemmar
4500
km2

Vi er Fjordkysten regional- og geopark

Fjordkystparken er Noreg sin første og einaste kombinerte regional- og geopark. Den omfattar kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll og utgjere eit areal på om lag 2500 km2. Parken fungerar som ei samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og har som mål å utvikle og å ta vare på regionen sine natur- og kulturressursar, basert på lokalsamfunna sine eigne premissar. Den særeigne geologien som finns her gjev oss eit unikt tidsvindauge til det som skjedde for om lag 400 millionar år sidan, då ei fjellkjede like stor som Himalaya prega landskapet. Dette skapte grunnlaget for korleis menneska her har livnært seg og sjølv påverka landskapet dei siste 10 000 åra. Saman med våre medlem og partnarar ynskjer vi å setje regionen vår på kartet og skape positive ringverknader innanfor reiseliv, annan næring, kunnskapsformidling, undervisning og lokal identitet.

Ein regionalpark er eit avgrensa landskapsområde, definert på bakgrunn av sin unike natur- og kulturverdi. Regionalparkane ligg under paraplyen Norske Parker som er ein landsdekkande nettverksorganisasjon for alle regionalparkane.
Ein geopark er eit avgrensa område som viser ein viktig del av Noreg sin geologi. Det skal i tillegg demonstrerast korleis dei geologiske føresetnadane har påverka det biologisk mangfaldet, landbruket, busetnaden, industriutviklinga, samferdselen og kulturen i området.
Vi er no inne i ei spanande reise med å få parken UNESCO-designert. Det mest ettertrakta kvalitetsstempelet for ein reiselivsdestinasjon

Lær meir

Våre prosjekt

Fjordkysten som destinasjon

Visit Fjordkysten er eit destinasjonsselskap for kommunane Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Kinn på kysten av Vestland. Deira hovudfunksjon er marknadsføring og profilering av regionen som reisemål, i tillegg til produktutvikling og prosjektarbeid.

Visit Fjordkysten er ein viktig samarbeidspartnar for oss.

Aktuelt

Fjordkystparken til Frankrike!

Den 17. april dreg ein breitt samansett gruppe av partnarar i Fjordkystparken på studietur til Frankrike i regi av Erasmus + for å lære om korleis ein av dei eldste regionalparkane i Europa jobbar med bygningsvern og tradisjonshandverk.

Les heile saka»

Bli partnar

Som partnar i Fjordkysten regional- og geopark er du med i eit fellesskap som set våre verdiar i høgsetet.

Samarbeidspartnarar

Scroll to Top